torsdag, november 12, 2009

Lea har fått att grimene sine!

image

Som eg skreiv om for ein liten månad sidan, saknar Lea grimene sine. På den tida var det ingen andre stallar rundt omkring her som hadde merka tjuveri, og eg hadde ingen mistenkte om kven som hadde forsynt seg…

For ei veke sidan vart det stjelt ein del utstyr frå ein av nabostallane, og etterkvart viser det seg at det også har vore tjuveri frå ein tredje stall. Til sammen utstyr for ein god sum, rundt 20.000,- til saman.

For å gjere ei lang historie kort, Lea har fått att grimene sine, og dei andre har også fått att sitt utstyr.

Sjølv “på landet” må vi altså vere forsiktige, og ta forhandsreglar i stallen. Videoovervåking, innlåsing av utstyr og dokumentering av kva utstyr ein faktisk har, kan vere billige forsikringar for å hindre tjuveri, og om tjuveriet er eit faktum, har ein ein god dokumentasjon på kva som er stjelt, og eit håp om å kunne få det erstatta… Vi har lært!

mandag, november 02, 2009

Tusen takk! – og friskmeldt Lea!

No er sommaren begynt å kome litt på avstand, og eg tenker litt tilbake på Lea si sjukeperiode. Laurdag hadde vi besøk av hestekiropraktor og veterinær, og Lea er no fin i kroppen!

Eit kort tilbakeblikk

image For fire månadar sidan blei Lea halt. Utan synleg grunn var ho omtrent stokk halt på høgre bakfot. Ho blei sjekka opp og ned i mente av veterinær, utan å finne noko. Kunne det vere hovbyll? Nei, det blei ganske raskt avkrefta. (klikk på linken for heile historia).

Ikkje mange dagane etter var ho halt i motsett bakfot, før det flytta seg til krysset. Tilbake til høgre bakfot, samtidig som krysset, og litt her og der. Sat det i ryggen? Jau, det kunne det vere, men kanskje ikkje hovudgrunnen.

Lea på tur dagen før ho blei sjuk, juni 09 Etter kvart var ho halt også i frambeina, ho klødde over heile kroppen, og hadde problem med å bevege seg. Ryggen var pinnestiv, hoftene sklei ikkje skikkleg rundt, dei mangla ”smørning”, og Lea var tydleg plaga av både det eine og det andre, men kva?

Mange kjenner historia frå før, og eg fekk enorm respons på bloggen min, då den hamna på framsida av hest.no (tusen takk til Ragnhild!). Utruleg mange gode tips om kva det kunne vere, gode tips til behandlingar, gode tankar og helsingar. Alt varma, og mykje hjalp også i researchen vår på å finne ut av kva som feila Lea.

Anaplasma og antibiotika-behandling

Eg, Janita og fleire med oss mistenkte at det kunne vere flåttbitt, og at Lea var sjuk pga det. Når Lea var på det verste, fekk ho behandling etter symptom, mot flåttbit, anten borrelia eller anaplasma (same behandling på begge).

Godt selskap i Sugar

Og vi merka bedring allereie etter ein dag med behandling. Etter nokre veker kom blodprøvesvara frå analyse. Lea hadde vore sjuk av anaplasma, ein flåttbåren sjukdom. Ikkje borrelia som vi mistenkte først (før vi viste om anaplasma), men likevel var vi på rett spor. Og dag for dag såg vi bedring, etter den sterke antibiotika-kuren.

Sjekk av veterinær/hestekiropraktor laurdag

No er vi for lengst ferdig med både antibiotika, mykje smertestillande, forebyggande medisin og anna. Laurdag hadde vi besøk av hestekiropraktor og veterinær Camilla Stava igjen, som gikk over heile Lea, og det var veldig godt å få det stadfesta av fagfolk også, at Lea er ein heilt annan hest no, enn då Camilla sist såg Lea, for 3,5 mnd sidan. No var ryggen fin, det same var hoftene og krysset, og den vesle stivheita som sit no, kjem nok av ei lengre friperiode.

Lea og Sugar i sitt nye vintergjerde laurdag

God hjelp, gode tankar og helsingar

Mamma og Lea, april 09 Oppi heile situasjonen var eg også utruleg heldig… Eg stod ikkje aleine med frustrasjonen, heller ikkje aleine med behandling, og både eg, Lea og Janita fekk mange gode tankar og helsingar medan Lea var sjuk. Så her kjem eit lite takk til alle, også hest.no sine bloggarar/lesarar! Eg setutruleg stor pris på all hjelp vi har fått!

Mamma var sjølvsagt heilt uunnværleg medan Lea var sjuk. Ho hjalp meg med alt, og det blei ein tøff sommar for ho også. Det var ikkje berre ein gong vi trudde at no var det ikkje meir håp…

Mitt kjære søskenbarn Maria, som studerer til veterinær var også til utruleg støtte og hjelp, ho las, undersøkte, las meir, spurte studentvennar, og las meir. Om ikkje anna, trur eg iallfall denne sjukdomsperioda til Lea ga Maria litt erfaring til seinare (viktig å sjå litt positivt i det heile). Eg veit ho syns det ”berre var kjekt” å lese seg opp på emnet, men eg set likevel stor pris på det.

Janita og Abel på besøk med pasienten Det er ikkje berre kjekt å ha ansvar for ein alvorleg sjuk hest, når det ikkje er din eigen. Det er ikkje kjekt uansett såklart, men på ein litt annan måte når det er ein forhest. Janita (Lea sin eigar) har heldigvis visst oss veldig godt at ho stoler på at vi har gjort det rette for Lea. Og behandling og oppfølging av Lea har vore i tett dialog med Janita. Det var veldig godt å vite at Janita ikkje mistrudde meg på noko vis, eller overkjørte oss.

Familie, vennar, kollegaer, naboar, kjente og ukjente har fylgt med på bloggen, spurt korleis det går med Lea, og sendt oss gode tankar.

Ei periode fekk eg veldig mykje respons, spesielt på bloggen, og eg rakk nok ikkje å svare alle, men dei fleste håper eg. Men eg las iallfall alle helsingar, og det gjorde nok mamma og Janita også, og satte stor pris på dei.

Lea på bana, september 09

Friskmeldt hest!

Og no er ho altså frisk. Vi friskmelde ho vel egentlig allereie i slutten av september, men sidan vi no hadde besøk av hestekiropraktor laurdag, syns eg det passa bra å kunne friskmelde ho 100 % no. Og samtidig takke til alle som har hjelpt oss og tenkt på oss i sommar!!

Tusen takk!

Stor klem frå Annika og Lea!

søndag, november 01, 2009

Oh happy day!

Det var det eg tenkte når eg for frå stallen i går. For no er det slutt på gjørmelivet til hestane, og hestekiropraktoren var på besøk og kunne fortelle at Lea er fin i kroppen. Ho har rett nok nokre beitekilo att endå, men rygg, hofter, kryss, bein, nakke osv såg fint ut. Eit heilt anna resultat enn det som visste i sommar! Meir om kiropraktorbesøket til slutt.

Som eg skreiv på fredag, var planen å sette opp gjerde på laurdag, og hestane fekk faktisk kome bort på allereie i går!

Eg er ikkje like morgonfugl som andre, så når eg kom inn, såg vinterpaddocken slik ut:

image-upload-36-783990

Litt arbeid gjenstod, før det var klart til å sleppe bort hestane, men i løpet av eit par timar var det gjort!

image-upload-32-774904image-upload-36-722682

Montering av el-tråd, og vips – klart for hestar.

image-upload-140-739721Eit siste bilde før hestane blei flytta.

image-upload-101-751273 
Så var det klart for å innvie det nye området. Og til og med Lea oversåg maten litt, for å inspisere grusen;)

image-upload-113-764484
Men ho sørga sjølvsagt for å plukke med seg litt mat før ho gikk litt vidare. 

image-upload-124-797453 image-upload-119-793389…det same gjorde Sugar :)

image-upload-33-761196 
Både Lea og Sugar testa muligheita for å strekke litt på beina også. Begrensa kor bra bilda blir når eg kun hadde mobil, men fekk dette av Lea iallfall.

image-upload-118-702122
Så var det tilbake til matfatet for begge to:)

 image-upload-111-768840

 

Kiropraktor på besøk

Når hestane hadde fått tusla ei stund i paddocken, tok eg ut Lea for å spyle beina hennar, så hestekiropraktoren skulle sleppe å bli full av gjørme. Lea dansa ein del når eg spylte bakbeina – var nok kaldt, men vi blei no enige til slutt. God timing, for Camilla (hestekiropraktor) kom rett etter eg var ferdig å spyle.

Satte inn Sugar, og mønstra Lea i paddocken, i skritt og trav. Camilla kommenterte med ein gong at det var tydleg det var “ein annan hest” enn sist Lea blei behandla. Ho er fortsatt litt stiv, men no er det meir stivheit som skriv seg frå å hatt lenge fri. Og det har ho jo hatt, naturlegvis.

Tok Lea opp på låven etterpå, då der er høgre under taket enn inne i stallen (pga sikkerheit). Camilla gikk over Lea grundig og behandla der ho fann noko lite. Når Camillla var å såg på Lea i begynnelsen av juli var ryggen til Lea stiv som ein pinne, og hoftene bevega seg ikkje skikkleg. Det var akkurat som dei mangla “smørning” kommenterte ho då. No svaia ryggen så fint som berre det når ho forsiktig trykte på ho, og hoftene og beina var også fine.

Der sat litt i hasene bak, så eg fekk beskjed om å stretche her. Der var også ei lita låsning i ryggen og det same i nakken, men elles var ho fin. Veldig kjekt å få bekrefta frå fagfolk også at ho er fin i kroppen no, og klar til å settast i gong igjen skikkleg. Ville ha kiropraktorsjekk før ho blei ridd igjen, og det klaffa jo fint:)

Lea skulle ha fri i dag og i morgon. Eg tenkte å gå ein tur med ho i morgon, men haha, eg trakka over i det eg skulle ta inn Lea i kveld, så Lea lyt nok ha fri ein dag eller tre til…

fredag, oktober 30, 2009

Snart slutt på gjørmelivet

image-upload-19-775542

I dag såg det komande vintergjerde til hestane slik ut. I morgon er planen å sette opp gjerde, så kanskje hestane kan få teste det ut på søndag? Det skal bli godt å sleppe meir gjørme. Kjekt med positiv stalleigar!

Elles kjem hestekiropraktor på besøk i morgon, så blir spennande å sjå kva ho finn på Lea då.

Og grimene har forresten ikkje kome til rette. Men no har vi iallfall gjort tiltak for å unngå meir ubedne gjestar. Då blir dei nemlig filma. Billig forsikring :) Og vi har ikkje oppdaga noko etterpå…

onsdag, oktober 14, 2009

Lea saknar grimene sine :|

I går kveld, eller i natt, har det vore ubedne gjestar på tur i stallen vår. Eg kjenner eg blir mest fortvila og irritert. Kva om dei hadde funne på å gjere hestane noko…? Heldigvis såg alt bra ut med dei.

Kanskje det er nokon som syns dei skulle gjere meg ei teneste, å ryddeimage litt på kroken min? Eller er det Lea som har fått nokon til å fjerne grimene, om ho syns dei er fæle? ;) Må prøve å tenke alternative baner, skal eg ikkje bli altfor sint.

Denne grima, og to andre er sporlaust vekke. Og eit leietau. Ikkje at det er det heilt store tapet, men det er prinsippet, det å vite at der har vore folk inne, uansett kven det er. Det er FREKT! Og ubehaglig å vite…

Vi får håpe der er ei naturlig forklaring på dette – men det spørs om vi ikkje må gjere litt meir tiltak i stallen no. Kanskje vi må til med videoovervaking?

tirsdag, oktober 13, 2009

Første spadetak…

I dag kom gravemaskina til gards, og første “spadetak” for vinterpaddock blei gjort! Det skal bli godt med ein gjørmefri vinter, når paddocken er ferdig!!! Planen er å gruse opp eit område på oppsida av garasja til stalleigar, og kanskje få bygt eit leskur til våren. Rekk ikkje det i år.

Dessverre ingen bilder, maskina var ikkje komt når eg var i stallen i dag, men fekk kjekk rapport frå mamma seinare.

Hestane nyt sola, og har det fint.

søndag, oktober 11, 2009

Mmmm – høy og sol!

I dag har det vore eit flott ver her på Sunnmøre. Endleg titta sola fram igjen, etter ein månad med regn. Hestane kosa seg ute, og vi nytta høve til ein liten spasertur på kvelden, eg, Lea, mamma og Sugar.

Tok nokre få mobilbilder både når dei fekk middag og i kveld, men ganske dårlig kvalitet… Men det går iallfall an å sjå at det er hestane, om ikkje anna ;)

image-upload-154-762927 image-upload-155-712292 image-upload-164-733081 image-upload-180-741548 image-upload-166-758430 image-upload-188-705072

Vi utstyrte oss med refleks, og gikk ein liten tur ned på bana. Er ikkje så veldig lenge sidan Lea var der, men likevel ei lita stund sidan, og veldig sjeldan den siste tida, så var kjekt å nytte sjansen.

 image-upload-168-775614 image-upload-165-714674

Hehe – refleks og blits er ikkje ein god kombinasjon. Fekk slått av blitsen, og fekk eit par ok bilder også, til tross for at det var begynt å bli ganske skymt.

image-upload-157-778237image-upload-141-715461 Bana111009 (3)Bana111009 (6)

Sugar var lei av å stå i ro, og Lea var fornærma for ho måtte stå, derav litt rare uttrykk ;)

fredag, oktober 02, 2009

Halt Lea – og no ikkje halt Lea

Søndag syns eg det kunne sjå ut som Lea var ein smule halt, men lot det bero til dagen etter.

Måndag såg eg klart at ho var halt i venstre bakfot. Spylte ho rein for gjørme, og sjekka over beina hennar. Fann raskt ut at der var ein hevelse i kodeleddet. Det er ille å seie det, men eg trur ikkje eg har sett “så stor pris på” ein hevelse før. For no såg vi jo heilt klart kor haltinga kom frå. Det er undervurdert å sjå årsaka til ei skade ;)

Eg bandasjerte ho for natta, og hestane stod inne tysdag fram til middagsforing. Mamma melde då om ei mindre hova Lea når ho slepte ut, og det gjorde nok godt å få ein dag inne.

På kvelden var ho merkbart mindre halt, og hevelsen var også mindre. Spylte beina, bandasjerte og satt ho inn.

Onsdag var det dritver, så hestane fekk stå inne til middagsforing då også – og det gjorde nok foten til Lea berre bra det også. Kunne ikkje sjå noko særleg hevelse på kvelden, og berre ei knapp antydning til halting.

Ho har nok trakka over eller noko på beite vil eg tru. Kunne sjå ut som ho hadde sklidd litt i helga, så det spørs om det kom då.

No ser det iallfall ut til å vere i orden igjen, så då håper vi på opplett snart, helst kan snøen vente litt…

Og neste helg håper vi inderlig at veret er bra nok til at gravemaskina kan starte med graving av vinterpaddock:)

lørdag, september 26, 2009

Visst kan eg springe!

I går var Janita og Abel på besøk, og vi tok med oss Lea på bana. Målet var at ho skulle få rase litt, for no verkar det som ho er heilt fin i kroppen!

Og springe, det gjorde ho! Det var nok ei tid i sommar at eg (og fleire) ikkje trudde at denne dagen skulle kome, men Lea er ein heilt ny hest no (evt tilbake til gamle seg)!

Det regna litt innimellom, så eg måtte legge vekk kameraet i blant. Men nokre bilder blei det iallfall!!

PS. Eg veit at Lea er veldig godt i hold no, men etter ein sommar ser mange fjordingar slik ut, og når Lea då har vore sjuk i tillegg, så ho ikkje har blitt trent, er det berre slik. Vi skal jobbe med saka no!

September 016 September 017

September 018

September 019

September 020

September 021

September 022 September 033

September 025

September 028

 September 037

September 047

September 052

September 054 September 055

September 056

September 057

September 059

Eg trur Lea kosa seg på bana, kjekt å få bevege seg litt igjen! Ein annan liten kar som kosa seg, varmt og godt i vogna si, var Abel!

September 080        

Og vel tilbake i stallen, ville Lea gjerne ha kos:)

September 096

Den raude bygninga i bakgrunnen, er forresten ridehallen vår – som snart er ferdig! Neste gong lyt vi gå ein tur bort, Janita, så du får sjå. Var tenkt det no også, egentlig, men sidan Abel var litt svolten, var det best å vende nasa heimover:)

TUSEN TAKK FOR BESØKET BEGGE TO!!

onsdag, september 16, 2009

Ei lita oppdatering

Sommaren er over, ein sommar eg/vi garantert kjem til å hugse godt. Heldigvis enda den mykje bedre enn eg/vi frykta ei stund. Og eg kan no melde om ein tilnærma friskmeldt hest.

Eg har sett Lea kvar dag no i heile sommar, så eg klarer ikkje så lett sjå bedring i stivheita hennar, eller om der er stivheit lenger, men grunnen til eg kan seie at ho er tilnærma frisk, er energien, og krafta ho no har.

Det er på tide at ho får utløp for energien igjen, for no “durar” ho på når vi leier ho til og frå beite, og ho er sterk ;o) Vil ho ha grønt gras, må du skjøne at eg må berre høyre på ho… (slett så gale er ikkje det altså, men ho prøver seg).

Eg tør nok ikkje sette meg opp for å ri ho endå, vil helst ha ein sjekk i rygg før den tid, men det er kanskje på tide at ho får seg ein springetur på bana trur eg. På eiga hand.

Under: Lea og Janita rett før Lea blei sjuk, juni 2009.

Vår09 505